Grasfôra kjøt

Grasfôra kjøt er storfekjøt frå uksar som er framfôra på ein heilt spesiell måte. Dette inneber at uksane i all hovedsak har ferskt gras og rundballar på menyen. Dei får også litt kraftfôr, men dette er eit spesial-utvikla fôr der det mellom anna vert nytta raps i staden for soya som er vanleg. Uksane gjeng ute på beite heile sommaren.


Dette er ein måte å produsere stofekjøt på som bygg på dei ressursane me har her på Vestlandet. Samtidig viser både vår og andre si forskning at vår måte å fôre fram uksane på gir eit kjøt med fine fibrar og svært god innmarmorering av feitt. Kjøtet vert òg saftigare og mørare enn vanleg storfekjøt. Det dokumentert at denne måten å produsere på gir dyra høgare dyrevelferd samtidig som fôret gjer det til ein klimavennleg produksjon.

Les meir om Grasfôra kjøt

Grasfôra kjøt