Uksehalesuppe

IMG 1642
  • IMG 1742-Nils
    Nils-Henning Nesje
    Bondelagskokk

    Bondelagskokk og drivar av Mat med Hjartet.

Ingrediensar
Kraft
  • 6-8 stk Uksehalar i bitar
  • 1 stk Heil kvitlauk, delt i to
  • 1 stk Lauk i biter
  • 1 stk Raud chili, delt på langs
  • 1 stk Gulrot i bitar
  • 1 stk Stangselleri i bitar
  • Vatn
Suppe
  • Kjøtet fra uksehalane, i små bitar
  • 1 pk Grøne erter
  • 1 stk Gulrot, i små bitar
  • 1 stk Stangselleri, i små bitar
  • 1 stk Purrelauk, i små bitar
  • 1 stk Nepe, i små bitar
  • 4 stk Poteter, i små bitar
  • 1 stk Lauk, i små bitar
Oppskrift

Uksehalesuppe - ein eksklusiv klassikar med MYKJE smak.

Kraft
Legg alle ingrediensane i ei stor kasserolle og la det koke varsamt i tre timar. Skum av no og då.
Sil krafta. Ta vare på uksehalane og plukk av kjøtet, og skjer i bitar.
Suppe
Kok opp krafta og tilsett grønsakene, dei grøne grønsakene heilt til slutt. La det koke til grønsakene er møre.
Tilsett uksehalekjøtet og smak til med salt og pepper. Server i suppeskåler.
  • IMG 1742-Nils
    Nils-Henning Nesje
    Bondelagskokk

    Bondelagskokk og drivar av Mat med Hjartet.