Sosakjøt / Ukseragu / Kjøt i mørket
Ingrediensar
Sosakjøt
- 800 g Kjøt
- 2 ss Kveitemjøl
- Salt og pepper
- Rapsolje og smør
- Vatn
Oppskrift
Sosakjøt / Ukseragu / Kjøt i mørket
- Kutt kjøtet i store terningar.
- Brun kjøtet godt på alle sider i ei steikepanne med rapsolje og smør.
- Dryss over ca. 2 ss kveitemjøl mot slutten av bruninga.
- Hellast over i ei kasserolle og dekkast nesten med vatn.
-
Kokast i 1-2 timar under lokk. Tida avhenger kor mørt kjøt du bruker.
Juster eventuelt tjukkelsen på sausen med meir kveitemjøl utrørt i litt kaldt vatn.
- Smak til gryta med salt og pepper.
- Serverast tradisjonelt med kokte poteter og gulrot, ertestuing og rørte tyttebær.
-
Mindor Klauset
Klippfiskakademiet
Dagleg leiar ved Klippfiskakademiet i Ålesund. Også kjend frå Mat med Mindor i NRK Møre og Romsdal.