Peppersteik med peppersaus og tilbehør
Ingrediensar
Kjøt
- 200 g Biff (pr. pers.)
- Salt og pepper
- 1 stk Romanesco
- 1 stk Blomkål
- Smør og rapsolje
- Salt og pepper
- Cherrytomatar
- Kvitløksfedd
- Olivenolje
- Salt og pepper
- 4 stk Poteter (jamnstore)
- Smør
- Salt og pepper
- ½ stk Lauk
- 1 stk Paprike
- 1 stk Chili
- 3 stk Sjampinjongar
- Rapsolje
- Grovmalt pepper
- 1 dl Raudvin
- 2 dl Fløyte
- 2 dl Uksekraft
- 1- 2 ss Maizenna
- Salt
- Smør
- Raudvinseddik
- Cayenne
- Sitron
Oppskrift
- Kjøt
- Romtemperert kjøt kuttast i 200g biffar, saltast lett og krydrast med rikeleg grovmalt pepper.
- Brunast godt på begge sider ved middels i steikepanne med både rapsolje og smør ved høg varme.
- Steikast ferdig i panna ved litt lavere temperatur eller ettersteikast i ovn ved 55°C.
- Tilbehør
-
Romanesco og blomkål:
1 romanesco og 1 blomkål delast i små bukettar og steikast i smør og rapsolje ved litt høg varme til dei får litt farge, men fortsatt sprø. Tilsett salt og pepper. -
Bakte cherrytomater:
Stilken klippast slik at tre og tre tomatar heng saman. Settast i ei ildfast form med knuste kvitløksfedd, salt, pepper og litt olivenolje i bunn, og bakast i ovn på 160°C i ca. 20 minutt. -
Hasselbackpotet:
4 jamnstore poteter skrellast og kuttast nesten igjennom i 3 mm tjukke skiver. Penslast med smør, saltast og peprast, og bakast i ovn på 180°C i ca. 45 minutt. Penslast ofte med det smelta smøret under baketida. - Peppersaus
- 1/2 lauk, 1 paprika, 1 chili, 3 sjampinjongar, og grovmalt pepper finkuttast og fresast i rapsolje i ei kasserolle.
- Tilsett 1 dl raudvin og kok til vinen nesten er vekk.
- Hell på 2 dl uksekraft og 2 dl fløyte. Kok i minimum 10 minutt.
- Jamn sausen til ynskja tjukkelse med (ca. 1-2 ss) maizenna utrøyrt i kaldt vatn. Kok opp sausen mellom kver gang maizenna tilsettast for å kontrollere tjukkelsen.
- Smak til med raudvinseddik, salt, pepper, cayenne, sitron og litt smør. Kanskje nokon korn med sukker?
-
Mindor Klauset
Klippfiskakademiet
Dagleg leiar ved Klippfiskakademiet i Ålesund. Også kjend frå Mat med Mindor i NRK Møre og Romsdal.